Vesaas

Vesaas

0.00

Øyvind Vågnes

ISBN: 9788210056093
Pris 349,-
220 sider
Utgitt 2017

Eit forfattarsenter skal opnast til det store Vesaas-jubileet i Vinje i 2017. Som ekspert på forfattarskapen er Jon invitert til å vere med å forme korleis det heile skal sjå ut. Men i arbeidsgruppa er motsetnadene sterke. For kva skal dette senteret eigentleg vere? Ein stad som ærer litteraturen og historia, eller ein som tilpassar seg den moderne opplevingsindustrien?

Tre år tidlegare har Jon leigd eit hus i Vinje for å skrive ein ny biografi om Tarjei Vesaas. Forlagskontrakten er underskriven, bøkene lese, arkiva saumfarne. Men Jon får ikkje til å skrive. Som eit forsøk på å finne inspirasjon blar han opp i Vesaas-bøkene han har arva etter farfaren, som lenge har lege urørte i nokre pappesker i kjellaren. I staden for å få auge på ein forfattarskap i utvikling, får han eit overraskande blikk inn i eit skjult kapittel i historia til sin eigen familie.

Kvifor les vi romanar? Og korleis lever dei vidare i oss? Vesaas er ein original og tankevekkande roman om Tarjei Vesaas, om bøkene og lesarane hans.

Add To Cart
... et solid forsvar for å lese litteratur som fiksjon og for ikke å gjøre private koblinger til eneste fortolkningsnøkkel, formulert av Vesaas i et essay: «Lesaren må få høve til å opne sine eigne hemmelege rom».
— Silje M. S. Norevik, Bergens Tidende
Stemninga i romanen er smitta av Vesaas, men heile vegen merka av Vågnes sin eigen stil og hans eigne hensikter med stoffet.
— Eivind Myklebust, Klassekampen Bokmagasinet