Sekundet før

Sekundet før

0.00

Øyvind Vågnes

ISBN: 9788210050688
Pris: kr 369,–
300 sider
Utgitt: 2010

Ein mann stiller seg opp på ein plass utanfor byens kunstmuseum. Han er kledd i svart, med kvite joggesko. Noko dryp frå hendene hans. Brått tenner han ein lighter, og i løpet av sekund står heile den mørke skikkelsen i flammar.

Etter å ha følgt sonen sin til barnehagen blir fotograf Jonathan Becker ved eit tilfelle vitne til denne hendinga. Det same blir Kaja West, kurator for ei kontroversiell utstilling ved museet. Kva får eit menneske til å gjere noko slikt? Utan at han heilt veit kvifor, filmar Jonathan sjølvpåtenninga med mobilkameraet sitt, ein film som etter kort tid blir distribuert over heile verda. Kven er denne mannen? Og kva for rolle kjem filmklippet til å spele i forteljinga om han? Hendinga tvingar både Kaja og Jonathan til å sjå sine eigne liv, og verda dei lever i, i eit nytt, skarpt lys.

Sekundet før er ein roman om korleis bilda kan gjere vitnet til offer, og om i kva for grad det er mogleg å strekkje armane sine forbi bildeflata og inn i røynda.

Quantity:
Add To Cart
Vågnes har skrevet en pirrende, tankevekkende og bevegende roman, som på sitt vis stiller viktige spørsmål om autentisitet og inautentisitet, virkelighet og fiksjon.
— Sigmund Jensen, Stavanger Aftenblad
«Sekundet før» er godt håndverk. Den alternerer fint mellom to parallelle historier, og reflekterer samtidig flere pressehistoriske øyeblikk som gjør den både samfunnsrelevant og engasjerende.
— Silje Stavrum Norevik, Bergens Tidende
Øyvind Vågnes’ siste roman får ein til å tenkje vidare i fleire dagar (...) Han peprar
oss ikkje med problemstillingar, men held seg til nokre få, som han til gjengjeld går djupare og djupare inn i. På den måten kjem òg lesaren gradvis inn i eit landskap av store eksistensielle spørsmål og veks med teksten. Kvaliteten i dette heng saman med at Vågnes skriv så fokusert (for å føregripe kameratematikken) at han heng med i sitt eige tempo, i eit vennleg språk som på beste måte lyfter fram det han har på hjartet.
— Ingvild Bræin, Dag og Tid
Gjennom å veksle mellom ulike perspektiver for det meste Jonathan og Kajas – gir Vågnes en svært sammensatt framstilling av hva slags handling fotografering kan være: vitnesbyrd, iscenesettelse, dokumentasjon, kjærlighetserklæring, overgrep (...) bokas blikk imponerende fokusert.
— Ellef Prestsæter, Klassekampen
Gripende aktuell (...) du føler deg dratt inn i handlingen, som om du selv lever i den. Side opp og side ned leses med glede, innlevelse og medfølelse. Dette leder nærmest til en tomhetsfølelse etter siste side. Er det slutt allerede? Rett og slett en bok man lar seg rive med av, både tematisk og innholdsmessig. Kudos.
— Ole Magnus Mostad, Studvest
Sekundet før er ein fascinerande og god roman om visuelle media og kva verknader dei kan få.
— Bjarne Tveiten, Fædrelandsvennen