Ho står i rommet mitt og brenn

Ho står i rommet mitt og brenn

0.00

Are Frode Søholt

ISBN: 9788210050879
Pris: kr 279,–
56 sider
Utgitt: 2010

I debutsamlinga ho står i rommet mitt og brenn skriv Are Frode Søholt fram ei historie om eit par som går gjennom ulike stadier av eit forhold. Frå ei forelsking, til eit samliv og til eit brot. 

Dikta fortel oss noko om problemet med å få kommunisert det ein føler eller tenkjer, både overfor ein kjærast, og for seg sjølv. Men samtidig uttrykker dikta noko om seg sjølv; ubehaget over ikkje å nå fram.

Quantity:
Add To Cart
Debutantdikt med litterær kvalitet. (...) Ramma rundt dikte verkar ikkje tvinga på dikta, og mange av einskilddikta er laga slik at dei peikar ut or ramma og står godt for seg sjølve. Språket er tidvis energisk, leikande, innfallsrikt og musikalsk...
— Sindre Ekrheim, Bergens Tidende
Gjentakingane skapar eit driv i dikta, og Søholts fine kjensle for lyden av orda gjer dikta gode å seie. Ja, ein vil helst lese dei høgt, selv om ein sit aleine med dei. (...) Søholt har ein språklig musikalitet og eit vidd som gjer at vi heilt sikkert vil høyre meir frå han.
— Katrine Sele, Firda