Frikar

Frikar

0.00

Tarald Stein

ISBN: 9788210050947
Pris: kr 279,–
80 sider
Utgitt: 2010

I Tarald Steins nye diktbok, Frikar, utvidar han perspektivet frå debuten Framandkar. Det handlar framleis om kjønn og identitet og utforsking av kva det vil seie å vere menn og kvinne. Relasjonen til barnet er ein sentral del av samlinga, det same er den erotiske kjærleiken. 

Kva for eit språk kan fange konflikten mellom gjengse tankar og eigen erfaring?  Kva er ei mor? Kva er ein mann? Kva er kjærleik? Finnast det eit anna språk? 

I Frikar skapar Tarald Stein eit slikt språk.

Quantity:
Add To Cart
Nokre er så heldige at det ikkje kjem ei einaste formulering ut av dei som ikkje er boren oppe av ein tydeleg, og samstundes naturleg diksjon. Tarald Stein er ein slik forfattar. Alle dikta sit, rett og slett. Kvart einaste eitt av dei 61 korte dikta i «Frikar» er som eit lite smykke av presist handverk og kontrollert utbygging av det poetiske resonnementet.
— Hadle Oftedal Andersen, Klassekampen
Det krysseksuelle feltet synest å levere eit rikt stoff. Det er krevjande å meddele fordi språkstrukturane våre, grammatikken, er låst i kjønna kategoriar. Dikta eig tydeleg kvaliteten til ei poetisk undersøking, her er ei varsam språkleg forming. Hos Stein står kroppen fram på ulikt vis, som arkitektur, by, park eller eit kart som viser til ein muleg stad.
— Sindre Ekrheim, Bergens Tidende
Kjærlighetsdiktet som følger er også et av de vakreste erotiske diktene skrevet etter 1970 her til lands, uansett seksuell orientering: ‘Dette er det vakraste: / Vi opphevar kvarandre / Dei ukjønna kroppane våre / inni kvarandre sine kjønn // Vi flyt saman / kvinnemann / mannekvinne / fyller ut kvarandre / sine holer / tettar sprekkane / med kyss.’
— Fartein Horgar, Adresseavisa
Med Framandkar og Frikar har Stein lagt anslaget til det som har potensial til å bli et spennende forfatterskap, både lyrisk og litteraturhistorisk. Stein gir stemme og rydder rom for erfaringer som faller utenfor den binære mann/kvinne-tekningen. Kombinasjonen av Steins erfaringer, hins evne til å identifisere ørsmå bevegelser både i og utenfor seg selv, og hins poetiske erfaringshorisont, gjør Stein til en forfatter som er med på å utvide og vri vår måte å tenke kjønn og identitet på - både i og utenfor litteraturen.
— Linda Kaspersen, Nordlys
Stein skriver ydmykt, sårt og inderlig om det smertefulle ved å være født inn i en «feil» kropp. Her er mange gode og sterke dikt om hvordan den ytre verdens - og ikke minst psykiatriens - uforstand overfor dikterjegets livsverden er med og skaper en kronisk usikkerhet i forhold til egen kjønnsidentitet.
— Arne Hugo Stølan, VG
Tarald Stein skriver vakre dikt fra den transseksuelle erfaring (... ) makter å sette ord p­å kjønnsskiftet, sorgen, tap­et og håp­et som føl­ger med.
— Cornelius Jakhelln, Morgenbladet

Frikar i media:

Nordlys: På en helt annen side