Sjøen om vinteren

Sjøen om vinteren

0.00

Sivert Nesbø

ISBN: 9788210056772
Pris: 249,-
134 sider
Utgitt høsten 2018

Pappa har reist, sa mora.

Reist, sa Eli. Kva meiner du?

Han har reist, sa mora. Han har køyrd av garde.

Kva, sa Eli. Ho kom ikkje på noko anna å seie.

Han var reist då eg vakna, sa mora. Han har sett att campingvogna, men bilen er vekk.

Eli tenkte at mora skjemta med henne, det høyrdest nesten slik ut, som at det heile berre var ein spøk, at faren snart ville dukke opp, og at foreldra hadde vore saman om det heile. Men det var ulikt mora å gjere slikt, og ho verka ikkje til å ha noko glede av det.

Sjøen om vinteren handlar om tolv år gamle Eli, som gradvis erfarer ei djupare forståing av tilværet. I løpet av nokre månader, frå sommar til sein haust, spelast relasjonen mellom Eli og dei som omgjev henne ut, og i særleg grad forholdet til faren. Sjøen om vinteren er ein roman om den ungdommelege erkjenninga av kor skøyre grensene i livet er, mellom det som er og det som kanskje ikkje lenger kan vere.

Last ned høyoppløselig omslag her.

Add To Cart
Nesbø har igjen vist at han er god på små flater, og Sjøen om vinteren toler å bli nemnt saman med både Tarjei Vesaas og Torborg Nedreaas’ boringar i barnesinnet.
— Oddmund Hagen, Dag og Tid
Med et avmålt nynorsk språk i et tidvis kaldt landskap, kan en få assosiasjoner til en fortellertradisjon etter Tarjei Vesaas. Det danner grunnlag for en fornøyelig, men vemodig leseropplevelse. Anbefalt høstlektyre, med andre ord.
— Jo Marvik, Universitas